Julekonsert med Kim Rysstad

Velkomen til julekonsert med Kim Ryssstad!

«Snøen laver ned» er ein turné basert på utgjevinga som kom i desember i fjor i digitalt format, som i år kjem ut i god gammaldags vinyl og cd-utgåve.

Fjorårets innspilling var ein storproduksjon, blant anna med London Philharmonic Orchestra. Den vart beskrive som «årets vakreste julealbum» og fekk svært gode kritikkar. Til å framføre songar frå albumet på Hovden, har han med seg Knut Ingolf Brenna på gitar og Jakob Lund Paulsen på piano/synth.

Kim si tolking av «Stjernesludd» skal det godt gjerast å ikkje bli rørt av. Andre kjente songar som mange av oss forbind med jula, blir også framført med Kim si heilt spesielle stemme. Kim er Spellemannsnominert, prislønna A-klasse kvedar og songar. Kjente låtar som dei fleste vil kjenne att etter å ha blitt spilt mykje i NRK P1, er «Så Vidunderleg» og «Ein song er ein song». Kim har jobba med mange store produsentar, musikarar og artistar, deriblant Knut Reiersrud, Håkon Iversen, Stian Carstensen, Sigrid Moldestad og Trio Mediaeval. Han har sunge duett med Silje Nergaard og Anne Grete Preus, og har fleire gonger vore solist med Kristiansand Symfoniorkester.

Kim Rysstad hadde sin oppvekst på Rysstad, men han har også budd ein periode på Hovden og er i aller høgste grad på heimebane når han kjem til Hovden grendehus 15. desember.

Dette ser vi fram til!

Billettar blir lagt ut på www.ebillett.no/hovden og seld i skranken på Hovden grendehus frå 23. oktober.