Tamreindrifta i Fjellgardane

Historia om tamreindrifta i Fjellgardane har ei sped byrjing i første halvdel av 1800-talet, via samar med sine flokkar frå 1880-åra og nokre ti-år framover.

Lokale bønder organiserte eigne tamreinlag frå slutten av 1800-talet heilt fram til siste lag måtte slutte i 1978.

Forfattaren av boka «Tamreindrifta i Setesdalsheiane», Kjell Bitustøyl, og Ragnhild Bjåen, forfattar av boka «Bli kjent med heiane», og elles svært oppteken av kveldens tema, skal formidle denne historia via bilete og foredrag. Denne kvelden, på Hovden grendehus, skal dei vinkle historia; «sett frå Fjellgardane».
Entré:
Vaksne: kr. 100
Barn og skuleungdom:  gratis.

Arr. Bykle kommune, Kultur & fritid